Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring (gjeld frå 1. august 2024). Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
Modulstrukturert opplæring for vaksne i betongfaget
Hausten 2025 startar vi opp utdanningstilbod for vaksne innan betongfaget.
Målgruppe
Modulstrukturert opplæring er for vaksne (over 19 år) som ønskjer å oppnå fag- eller sveinebrev, og som har behov for ein meir fleksibel og tilpassa opplæringsmodell:
- vaksne som har opparbeidd seg relevant arbeidserfaring, men som manglar formell kompetanse
- vaksne utan fullført vidaregåande opplæring
- vaksne som ønskjer karriereskifte
- vaksne med fagbrev som ønskjer å ta eit nytt fagbrev
- vaksne med innvandrarbakgrunn
- vaksne med behov for tilpassa opplæring
Gjennomføring
Modulstrukturert opplæring er ei fleksibel og tilpassa opplæring spesielt retta mot vaksne. Føremålet med den modulstrukturerte opplæringa er at den skal bygge på den kompetansen den vaksne allereie har. Vi kan tilpasse opplæringa til den enkelte, og gje deltakarane kompetansen dei treng for å gjennomføre og bestå fag- eller sveineprøve så raskt som mogeleg.
Opplæringa vert tilpassa den enkelte sitt utgangspunkt og tidlegare erfaringar. Gjennom realkompetansevurdering vert kompetansen deltakaren har opparbeidd seg gjennom arbeid eller anna uformell opplæring, sett opp mot kompetansemåla i dei ulike modulane. Deltakaren dokumenterer kompetansen sin gjennom CV, attestar, referansar mm. Der kompetansen er tilstrekkeleg, vert heile eller deler av modulane godkjent. Dette gjer det mogeleg å korte ned tida det tek å oppnå fagbrev.
Opplæringa er delt i mindre einingar eller modular, noko som gjer det enklare for vaksne å kombinere utdanning med arbeid eller andre forpliktingar. Betongfaget omfattar modular som forskaling, armering, betongteknologi og utstøyping, helse, miljø, sikkerheit og arbeidsliv. I tillegg er det ein modul som omfattar norsk for yrkesfaglege utdanningar og samfunnsfag frå vidaregåande opplæring. Det er inga bestemt rekkefølgje modulane må gjennomførast i, og fleire modular kan gjennomførast samtundes. Det betyr at vaksne kan ta modulane i eige tempo og tilpasse opplæringa til eigen livssituasjon. Sluttkompetansen er den same som for ordinært løp.
Praksis er ein viktig del av den modulstrukturerte opplæringa, og intensjonen er at mesteparten av opplæringa skal gå føre seg i arbeidslivet.
Trykk her for å lese meir om læreplanen i betongfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne
Trykk her for å lese meir om læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for språklege minoritetar
Spørsmål, rettleiing og søknad
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta
Klikk her for ei oversikt over Vestland fylkeskommune sitt vidaregåande fagtilbod for vaksne
Søknad må sendast via vigo.no.
Klikk deg inn på vaksenopplæring/realkompetansevurdering og føl instruksjonane du får. Legg inn ønska sluttkompetanse, tidlegare skulegong og praksis. Dersom du ønskjer rettleiing, kryssar du av for dette. Søknadsfristen er 1. mars, men du kan også søkje etter fristen.