Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje studiespesialisering?
Ønskjer du generell studiekompetanse, og vil skaffe deg eit godt grunnlag for å søkje vidare studium ved høgskular og universitet? Då skal du gå studiespesialisering (ST).
Alt etter kva vidare studium du tenkjer, vel du på vg2 mellom to ulike programområde.
- Realfag. Er du utforskande og analytisk, liker å eksperimentere og resonnere, kan realfag vere retninga for deg. Du får best mulegheit til å fylle spesielle opptakskrav ved fordjuping i matematikk og andre realfag, noko som trengs ved studium innanfor realfag, medisin og i naturvitskaplege og teknologiske fag.
- Språk, samfunnsfag og økonomi. Er du interessert i kultur, samfunnstilhøve og økonomi, eller har anlegg for språk, kan dette vere retninga for deg. Du får eit godt grunnlag for å søkje dei fleste studium innan for eksempel litteratur, kultur, språk, samfunnsfag el økonomi.
Vil du gå landslinje skiskyting, les meir om det her.
Val av programområde og programfag
- På vg1 er det berre obligatoriske fellesfag.
- På vg2 må to programfag frå det valde programområdet, gå over to år.
- I tillegg vel du eitt fritt programfag i vg2 og eitt i vg3.
- For elevar som vel matematikk R1 eller S1 utgår fellesfaget i matematikk. Dei 3 veketimane som då fell bort må erstattast av et fritt valt programfag.
- Alle elevar må ha fag tilsvarande minst 90 veketimar over tre år., det vil seie i snitt 30 veketimar per skuleår.
Fellesfaga på studiespesialisering (ST) er fordelt slik på dei tre åra:
Vg1 |
Vg2 |
Vg3 |
|
Norsk | 4 | 4 | 6 |
Matematikk* | 5 | 3 | |
Naturfag | 5 | ||
Samfunnskunnskap | 3 | ||
Engelsk | 5 | ||
Andre framandspråk** | 4 | 4 | |
Geografi | 2 | ||
Historie | 2 | 4 | |
Religion | 3 | ||
Kroppsøving | 2 | 2 | 2 |
Sum timar pr. veke med fellesfag | 30 | 15 | 15 |
* I matematikk må ein velje enten P (praktisk) eller T (teoretisk).
** I andre framandspråk må du velje:
- Spansk 2 dersom du har hatt spansk i grunnskulen
- Tysk 2 dersom du har hatt tysk
- Spansk 1 dersom du har hatt fransk eller andre språk
Dersom du ikkje har hatt andre framandspråk i grunnskulen, må du ha spansk i tre år.