Dette er eit tilbod for deg som er mellom 16 og 24 år, og som treng meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Du får opplæring i grunnskulepensum over eitt eller to år, der du avsluttar med grunnskuleeksamen.
Tilbod for minoritetsspråkleg ungdom
Grunna låg søknad vert det ikkje sett i gang tilbod for minoritetsspråkleg ungdom som tek fag på grunnskulenivå (kalla GMU eller kombinasjonsklasse) skuleåret 2024/2025.
Tilbodet omfattar til vanleg desse faga: norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, utdanningsval, basisgruppetime og kroppsøving. Etter å ha teke grunnskuleeksamen, er du betre rusta til seinare å starte på vidaregåande skule.
Elevane har ulik skulebakgrunn, og kan få inntak etter ulike vilkår.
- Elevar som ikkje har skulebakgrunn frå heimlandet som svarar til norsk grunnskule, dvs. minimum 9 år med opplæring.
- Elevar som har avslutta ordinær grunnskule i Noreg, men som på grunn av kort butid treng meir opplæring.
- Elevar som kan dokumentere minimum 9 år grunnskule frå heimlandet, men som ønskjer/treng eit betre grunnlag før inntak til vidaregåande skule.
Kommunane må kartlegge språkferdigheitene til dei som søkjer. Elevar som er på eit A2-nivå i norsk bør oppmodast til å søkje GMU, medan elevar på lågare nivå må få meir norskopplæring i regi av kommunane.
Søknadsfristen for inntak til GMU-tilbodet er 1. februar.