Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Elev på helsefagarbeider steller elevpasient  Foto: Reed foto

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Ønskjer du å arbeide med menneske i ulike aldersgrupper og i ulike livssituasjonar? Då kan utdanningsprogrammet helse- og oppvekstfag vere noko for deg. Du må bry deg om og kunne ta omsyn til andre menneske. Du bør ha gode kommunikative evner og evne til samhandling.

Ei utdanning innan helse- og oppvekstfag gir deg moglegheit til å arbeide som mellom anna helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller portør. Du kan også velje å arbeide med barn i barnehage og skule/SFO, som barne- og ungdomsarbeidar, helsesekretær, apotekteknikar, hudpleiar med meir.

Vi tilbyr:

Innan helse- og oppvekstfag tilbyr vi følgjande utdanningsprogram:

  • vg1 helse- og oppvekstfag
  • vg2 helsearbeidarfaget

 

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule eller høgskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter fagbrevet, om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Stryn vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule som ligg sentralt i Stryn sentrum. Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

Vg1

I løpet av skuleåret får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i bedrift, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg. På vg1 vert 10 veker i løpet av skuleåret nytta til prosjekt i samarbeid med lokale bedrifter, fordjupingsoppgåver og arbeidspraksis for elevane. Elevane har ikkje fellesfag desse 10 vekene.

Opplæringa er delt inn i:

  • 17 timar programfag per veke
  • 12 timar fellesfag per veke
  • 6 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

 

Vg2

I løpet av dette skuleåret får du moglegheit til å fordjupe deg innan valt yrkesområde. Som på vg1 har du 10 veker i løpet av skuleåret som vert nytta til arbeidspraksis, fordjupingsoppgåver og prosjekt i samarbeid med kundar eller lokale bedrifter. På vg2 kan elevar som ønskjer det, få vere i praksis i større grad. Skulen har også erfaring med internasjonale prosjekt som elevane har delteke i.

Opplæringa delt inn i:

  • 17 t programfag per veke
  • 9 timar fellesfag pr veke
  • 9 timar per veke med yrkesfagleg fordjupning

 

Vg1 helse- og oppvekstfag

Gjennom teoretisk og praktisk opplæring får du kjennskap til og kunnskap om dei ulike yrka utdanninga fører fram til. Gjennom opplæringa får du prøve ut eit eller fleire lærefag gjennom arbeidspraksis i institusjon, barnehage, skule/SFO med meir, slik at du vert sikrare på at du vel rett utdanningsveg.

Du vil mellom anna lære om:

  • helsefremjande arbeid
  • fysisk og psykisk helse
  • korleis kroppen er bygd opp
  • kommunikasjon og samhandling
  • born og unge si utvikling
  • kost, ernæring og hygiene.

 

Her finn du læreplanen til vg1 helse- og oppvekstfag

Vg2 helsearbeidarfag

Her fordjupar du deg i ønska lærefag. Opplæringa vekslar mellom teori og praksis, der du øver på grunnleggande ferdigheiter på skulen og får mengdetrening i institusjon.

Du lærer mellom anna om:

  • korleis kultur, levevanar, kosthald, hygiene og smittevern kan medverke til å fremme den heilskaplege helse
  • akutt og kronisk sjukdom, vekst, aldring og funksjonsnedsetting
  • å observere, vurdere og utføre grunnleggjande sjukepleie
  • å kommunisere og samhandle med menneske frå ulike kulturar med ulik alder, bakgrunn og livssituasjon
  • å forstå betydninga av eiga åtferd og haldningar i møte med andre menneske
  • å bruke medisinsk utstyr og ta i bruk hjelpemidlar og teknologi for å betre livskvaliteten til brukarar
  • å bruke rette arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar i yrkesutøvinga
  • etikk og regelverk som styrer profesjonell yrkesutøving
  • etiske dilemma i helse- og omsorgssektoren

Vi har bygd opp ei ny og framtidsretta opplæringsleilegheit innan omsorgsteknologi som er knytt til avdelinga på helsefag. Her får elevane øve på teknisk utstyr og hjelpemidlar som dei vil møte i framtidige jobbsituasjonar.

Her finn du læreplanen til vg2 helsearbeidarfag

Vegen vidare

Læretid og fagbrev innan helsearbeidarfaget legg grunnlag for vidare og høgare utdanning. Elevane har rett til påbygging til generell studiekompetanse (Vg4) etter fullført og bestått fagbrev. Dette opnar vegane til attraktive yrke som sjukepleier, fysioterapeut, og ei rekke yrke innan innan helse- og sosialtenesta og innan velferdsteknologi.

Les meir om helsearbeidarfaget og vegen vidare på vilbli.no.