Stryn vgs har omlag 60 tilsette. Vi har eit stabilt og godt arbeidsmiljø. Kantina vår er fantastisk, vi har eit godt personalrom og lokalitetane elles er også svært bra - så her er det godt å vere!

Stryn vgs har omlag 60 tilsette. Vi har eit stabilt og godt arbeidsmiljø. Kantina vår er fantastisk, vi har eit godt personalrom og lokalitetane elles er også svært bra - så her er det godt å vere!
Elevane ved Stryn vgs ligg heilt i landstoppen på gjennomføring. Tala viser også høg trivsel og gode elevresultat. Slik ynskjer vi at det skal fortsette, og vi vil prøve å bli endå betre!
Vi ynskjer å vere ein skule der elevane blir høyrt, og der dei har påverknad på skulekvardagen.
Åra på vgs er grunnlaget for vidare utdanning og yrkesliv. Bruk tida godt. For å få gode resultat, må det innsats til gjennom arbeid, trening og øving. Dette gjeld både om ein vil bli god i eit praktisk yrke, i ein idrett eller på eit teoretisk område.