Hopp til hovedinnhold

Elevundersøkinga skuleåret 2024/2025

Tre gutar som pratar inne i eit klasserom. Foto: Reed foto

Den årlege elevundersøkinga skal gjennomførast i løpet av november.

Gjennom elevundersøkinga får elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga vert lagra og nytta av skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsstyresmaktene for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Resultata kan også verte nytta til forskning og statistikk.

Det er frivilleg å svare på undersøkinga, og det er mogeleg å hoppe over spørsmål. Men vi oppmodar alle om å svare på alt, slik at vi får ei rettast mogeleg undersøking. Elevane gjev ikkje opp namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Det er svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga, og dei skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogeleg å kjenne att elevane sine svar.

Her finn du utfyllande informasjon om formålet med undersøkinga og korleis personopplysningane som vert samla inn vert handsama.