Skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er tilpassa og lett tilgjengelege tilbod for deg som er ung. Dei som jobbar der har teieplikt. Nokre gongar er det godt å ha ein vaksen å snakke med sjølv om ein ikkje har spesielle problem, eller det kan vere ting som er utfordrande og vanskeleg i livet. Du er like velkomen til å kome innom uansett!
Skulehelsetenesta
Helsesjukepleiar Ragnhild er på skulen kvar måndag kl. 9 - 14 og torsdag kl. 10 - 14. Du finn kontoret i 2. et. mellom fløy 1 og 2. Det er berre å stikke innom, du treng ikkje å bestille time.
Elevar og personar kring eleven vert oppmoda om å ta kontakt dersom eleven treng oppfølging frå sjukepleiar. Sjukepleiar kan vise veg vidare ved behov, dette er i tilfelle i samarbeid med den enkelte elev. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere skulelege, fastlege, pedagogisk psykologisk teneste (PPT), barnevern, barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) eller spesialisthelsetenesta.
Trykk her for å lese om Stryn kommune sitt tilbod: Helsestasjon for ungdom (HFU)
Kvar vår vert det gjeve tilbod om vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse. På folkehelseinstituttet si nettside kan du lese meir om meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse).
Bilde frå aktivitetar i kantina i regi av helsetenesta
Har du spørsmål?
Ragnhild er på skulen kvar måndag kl. 9 - 14 og torsdag kl. 10 - 14. Du finn ho på kontoret i 2. et. mellom fløy 1 og 2.
Helsestasjon for ungdom er ope kvar tysdag i skuleåret kl. 14.30 - 16.30. Dei er lokalisert på legesenteret (2. et. over Coop Extra, Setrevegen 4).