Alle skal oppleve å ha ein trygg og god skulekvardag! Ta kontakt om det er noko du tykkjer er utfordrande i skulekvardagen, eller om du har spørsmål som gjeld utdanningsval.
Rådgjevaren har teieplikt, og kan berre gje opplysningar vidare dersom du ynskjer det.
Kva kan du ta opp?
Anne Serine kan til dømes hjelpe deg med:
- Råd og rettleiing dersom du opplever at skulearbeidet vert vanskeleg
- Råd og støtte dersom du har personlege eller sosiale vanskar
- Kontakt med aktuelle hjelpeinstansar
- Informasjon og råd om val av ulike programfag
- Informasjon om vidare utdanning på høgskular, universitet og andre utdanningsinstitusjonar
- Karriererettleiing med råd om yrkesmoglegheiter og om kva som kan passe for deg
Du finn Anne Serine på kontoret i 1. et. ved sidan av trappa opp frå kantina. Dersom ho ikkje er på kontoret, kan du sende ei melding på Teams for å avtale når de kan møtast. Føresette er også velkomne til å ta kontakt.
Har du spørsmål?
Kontortid skuleåret 2024/2025:
Tysdag kl. 08.45 - 15.45
Onsdag kl. 08.45 - 10.00 og 14.20 - 15.45
Torsdag kl. 08.45 - 10.00
Fredag kl. 08.45 - 12.15
Nokre nyttige lenkjer:
Informasjon om ulike utdanningsprogram finn du på vilbli.no
Informasjon om yrke og utdanning ligg på utdanning.no
På Samordna opptak ligg informasjon om søknad til universitet og høgskular
Her kan du lese om Vestland fylkeskommune sine tilbod om vg2 i utlandet
Her er informasjon om ulike stipend og lån i Statens lånekasse