Miljøkoordinatorane ved dei vidaregåande skulane har tre hovudarbeidsområde.
Førebyggjande arbeid
Ta initiativ til og fremje tiltak som aukar trivsel og styrkar miljøet ved skulen.
Ha søkelyset særleg retta mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk.
Kontaktskapande arbeid
Skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen.
Stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet.
Stimulere til elevengasjement i opplæringa.
Sosialpedagogisk arbeid
Hjelpe elevar med å finne seg til rette på skulen.
Yte hjelp til elevar som har personlege vanskar eller sosiale vanskar.
Glimt frå temadagar



Bilde frå aktivitetsdagar



Dei to første bilda under aktivitetsdagar er frå trakfikktryggingsdagen, der sløkkjing av brann samt livredding i bilulykke er to av temaa.
Har du spørsmål?
Therese og Ingrid er våre aktive og flinke miljøkoordinatorar. Det er berre å ta kontakt med dei!
Therese Dispen
adjunkt
Ingrid Røe Maurset
adjunkt m/tilleggsutdanning