Drømmeskulen - ein tiltaksmodell for psykisk helse og psykososialt læringsmiljø i skulen
Drømmeskulen er utvikla av organisasjonen Voksne for Barn. Det er ein modell for å jobbe systematisk med det psykososiale miljøet i ungdoms- og vidaregåande skular, ut i frå eit helsefremjande perspektiv. Modellen omfattar heile skulen. Målet er å skape eit læringsmiljø der elvane opplever å bli sett, får brukt ressursane sine, og der den psykiske helsa til den enkelte elev vert fremja.
Drømmeskulen er eit godt tiltak når skulen ønskjer å:
- gi rammer og verktøy for eit heilheitleg arbeid med det psykososiale læringsmiljøet i skulen
- auke kompetansen hos tilsette om korleis ein kan jobbe for et godt psykososialt miljø
- styrke relasjonane mellom elevar og mellom elevar og tilsette
- styrke elevane si tilhøyrigheit, deltaking, meistring og motivasjon
- auke elevane sin motivasjon for å fullføre og bestå
- bruke elevane som ressursar i eit systematisk arbeid for å fremje eit godt psykososialt læringsmiljø
Har du spørsmål?
Ta kontakt med rektor eller ein av miljøkoordinatorane:
Anita Elisabet Flo
rektor
Ingrid Røe Maurset
adjunkt m/tilleggsutdanning
Therese Dispen
adjunkt