Hybelformidling
Stryn vidaregåande skule tilbyr hybelformidling til elevane.
Er du på jakt etter hybel for komande skuleår, eller har hyblar å leige ut?
Hybelleilegheiter og leilegheiter med fleire soverom er også av interesse.
Du kan ta kontakt med Martin Sandal på mob 911 59 195
eller til skulen sitt sentralbord på telefon 57 83 48 00
epost Martin.Boe.Sandal@sfj.no
NB: Dette er eit tilbod kun for elevar ved Stryn vidaregåande skule.
Om du er på jakt etter hybel eller leilegheit i Stryn i forbindelse med arbeid eller liknande, eller treng ein stad å bu i sommarmånadane, anbefaler vi ei annonse i lokalavisa Fjordingen
Nyttig for deg som skal bu på hybel
Lov om husleigeavtaler (husleieloven) finn du på lovdata.no
Forbrukerrådet: Rettane dine når du leiger bustad
Forbrukerrådet og også laga ei eiga standardkontrakt for leige av bustad : Kontrakt for leige av bustad
Hybelbrosjyre

Om lag 1000 elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane bur på hybel til ei kvar tid. Av desse er det vel 350 som er går på Vg1.
Opplæringsavdelinga og elev- og lærlingombodet har i fellesskap utarbeidd ein brosjyre til hybelbuarane, med ulik informasjon som kan vere nyttig når ein skal etablere seg for første gang. Brosjyren vert sendt til dei vidaregåande skulane til første inntak.
Hybelbrosjyre